TV-dokumentar: Forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund
The Arctic Eye
Foto: Kristen Ulstein
Den røynde reportaren Olav Høgetveit - med lang fartstid frå NRK - skal setje saman ein TV-dokumentar fra forskingslandsbyen Ny-Ålesund på Svalbard. Ny-Ålesund er den nordlegaste faste busetnaden i verda.
Last ned
- Prosjektleder Olav Høgetveit
Denne 50 min. lange TV-dokumentaren (norsk og engelsk versjon) skal vise kva type forsking og miljøovervaking det går føre seg i Ny Ålesund. Ein gamal gruveby som bare ligg vel 1000 km frå nordpolen, men som likevel har ein svært godt utbygd infrastruktur med mest daglege flyruter og elektronisk breidbandsamband med omverda.
Dette er ein internasjonal forskarlandsby der bortimot 20 ulike nasjonar er med i over 60 forskar-prosjekt, fleire av dei knytta direkte til IPY. Her studerar forskarane livet i havet, på bakken og i lufta. Her småler ein korleis jordplatene flyttar seg, her er rakettstudiar av atmosfærefysikken og her er ei intens miljøovervaking i noko av verdas reinaste natur.
Forskinga i Ny Ålesund viser kor viktig og relevant moderne polarforsking er. Som visuell ramme rundt byen finn vi Kongsfjorden og Zeppelinfjellet, Svalbards kanskje mest spektakulære område. Det seier ikkje lite.
Og sidan dei fleste av desse problemstillingane er av internasjonal og global karakter, så vil ein slik TV-dokumentar og ha eit stort internasjonalt publikum, ikkje minst på grunn av det visuelle uttrykket som ein finn her oppe.
Sist oppdatert: 02.12.2009
Prosjektsammendrag