En varmere isfront i Schrødingers katt

Torsdag 3.desember kl. 19.30 sender NRK1/Schrødingers katt ein TV-dokumentar fra Ny-Ålesund. Produksjonen er finansiert av Polaråret. Ny Ålesund på Svalbard er ein nøkkelarena for studiar av klimautviklinga. Forskning derifrå kan få avgjerande innverknad på klimaforhandlingane i København.
Det er Olav Høgetveit og Sverre Krüger som har laga dokumentaren og dei er nok av dei mediafolka som har vore flest gonger i forskningslandsbyen på Svalbard.
Ny-Ålesund på Svalbard er ein av verdas nordlegaste faste busettingar, like oppunder 79 grader nord, og knappe 1200 km fra polpunktet. Byen er i dag eit senter for internasjonal arktisk forsking og miljøovervakning og EU har gitt Ny-Ålesund status som «research infrastucture» når det gjeld arktisk miljøforsking.
Byen er, i tillegg, utpeika av regjeringa til å vere en grøn by, dvs en by som skal ta vare på det naturlege miljøet sitt. Fra mange kanter av verden kjem det forskarar til denne utposten for å gjennomføre forskingsprosjekt - på ein arktisk arena og i eit økologiske miljø med marginale føresetnadar. Ny-Ålesund er i dag ein forskingsbase som det stadig vert referert til ute i verden - i Tokyo, New York og Cape Town.
Mykje av forskinga er knytt til natur, atmosfære og miljø og denne forskinga har i tiltakande grad fått preg av å vere en utkikspost for den aukande globale forurensninga og klimaendringane. Høgetveit har difor kalla dokumentaren sin "The Arctic Eye". Dette gjer Ny - Ålesund til en sentral institusjon i Det internasjonale polaråret (IPY) og gir staden ny aktualitet i samband med klimatoppmøtet i København.
Ny-Ålesund er i dag eit kraftsenter for internasjonal arktisk miljøovervaking og forsking. Noko av grunnen til denne aktiviteten er at Ny Ålesund har gode kommunikasjonar med omverda, både elektronisk og fysisk. Samstundes ligg byen i eit av dei mest uberørte områda i verda. Soleis verkar Ny Ålesund både som eit referansepunkt og som «early warning area».
Målingar har vist at sentrale parametrar her oppe er i ferd med å endre seg, t.d. hav- og luft-temperatur og mengda av partiklar og drivhusgassar i lufta. På Zeppelinfjellet rett sør for byen ligg ein av verdas fremste måle- og forskingstasjonar når det gjeld drivhusgassar og luftforureining. Også ozon-laget i Arktis blir fulgt nøye herifrå.
Oppbygginga av denne internasjonale forskingslandsbyen starta etter ei avtale med den europeiske romfartsorganisasjonen ESRO 14. desember 1964 om opprettelse av ein norsk satellitt- og telemetristasjon i Ny-Ålesund. Stasjonen kom igang i 1967, men då hadde alt Institutt for kosmisk fysikk (via Norsk Polarinstitutt) hatt to mann der i eit år. Seinare har mange norske og internasjonale miljø etablert seg Ny-Ålesund. I dag er her forskarar som studerar luft, hav, biologi, geologi, glasiologi, geofysikk, atmosfærefysikk, meteorologi etc. Her er over 60 prosjekt frå bortimot 20 ulike land og det er vel knapt nokon stad i Arktis eller Antarktis der det går føre seg så mykje forsking konsentrert på eit så lite område.
Sist oppdatert: 02.12.2009