NRK viser 'Jakta på polarstormen'

uver-ing (Ingressbilde)

Polarstormen er eit av dei hissigaste og mest uforutseielege uversfenomena som fins i arktiske strøk, og har aldri tidlegare vore dokumentert gjennom vitskaplege målingar. Klarer verforskarane det på Andøya vil dei skrive vitskapshistorie.

Her kan du sjå filmen:


NRK1, mandag 29.12. kl. 20.15

NRK1, tirsdag 30.12. kl. 11.00

NRK2, torsdag 1.1. kl. 17.05

NRK2, mandag 5.1. kl. 13.05

Filmen er eit av formidlings-prosjekta som er finansiert av Polaråret.

Men polarstormane er ikkje enkle å fange. Dei er vanskelege å oppdage i meteorologane sitt nett av målestasjonar og vermodellar. Med berre tre veker til rådvelde, vert stormjakta eit kapplaup med tida og naturkreftene for forskarane på Andøya.

Stormjakta på Andøya er ein del av Det internasjonale polaråret, der forskarar frå 60 land gjer felles innsats for å auke kunnskapen om polområda. Målet med forskingsprosjektet på Andøya å gjere det lettare å varsle polare lavtrykk og anna arktisk ekstremver.

I jakta får forskarane hjelp av eit spesialbygd forskingsfly frå Tyskland som skal fly inn i luftrommet over dei polare lavtrykka som skaper uveret. Flyet er utstyrt med dei mest avanserte instrumenta som finnes for målingar av atmosfæren og er forskarane sitt beste våpen i jakta på polarstormen.

Vanskeleg å varsle

Eit polart lavtrykk er stormver som oppstår langt nord, gjerne ganske nær havisen. Dei mest optimale tilhøve for slike lavtrykk er når kald luft strøymer utover havet. Dei store ulikskapane i temperatur mellom hav og luft gjer at enorme mengder energi blir tappa frå havet. Dette er drivstoffet til lavtrykka. På sitt sterkaste kan vindstyrken under polare lavtrykk kome opp i orkan styrke.

Jon Egill Kristjansson, leiar av forskingsprosjektet IPY-Thorpex.Foto: Erlend Hermansen, Cicero
Jon Egill Kristjansson, leiar av forskingsprosjektet IPY-Thorpex.
- Uverer er vanskelegare å varsle i nord enn i sør. Arktiske frontar og polare lavtrykk er så små at de ikkje alltid vert fanga opp av modellar og satellittbilete. I tillegg har vi eit svært glissent observasjonsnett i nordområda, forklarer Jon Egill Kristjansson, leiar av forskingsprosjektet IPY-Thorpex.

- Eit av hovedmåla med prosjektet er å forstå desse verfenomenene betre, slik at vi vert betre budde på å varsle dei, seier Kristjansson.

Store konsekvensar

Ekstremver i nord kan få store konsekvensar for både sivilbefolkning og næringsliv. I 1952 omkom 77 personar då fem fangstfartøy gjekk ned i arktisk ektremver, og i 1974 gjekk ein britisk trålar ned med eit mannskap på 36.

Etter kvart som havisen smeltar og trekkjer seg attende, kan det verte arktisk ekstremver oftare, mellomannet ved Svalbard. Olje- og gassplattformer kan verte utsett for ekstreme vertilhøve. I eit varmare klima vil skipstrafikken fra Asia gjennom Nordaustpassasjen også auke. Desse skipa kan kome til å trafikkere farvatn der polart ekstremver ofte herjar.

Overlevde på mirakuløst vis

Harald Figenschou er ein av få som har overlevd eit forlis under eit polart lavtrykk. Han og broren la ut på fiske utanfor Nord-Troms ein sein oktoberdag i 2001, då veret skulle kome til å overraske på ein måte dei aldri hadde opplevd før. Utan varsel kom ein kraftig polarstorm feiande inn frå havet og plutseleg var dei to brørne seg midt i stormen. Harald Figenschou overlevde på mirakuløst vis og fortel no for første gong om sitt brutale møte med det polare lavtrykket.

I jakta på polarstormen får vi i tillegg høyre dramatiske historier om polarstormens øydeleggande kraft i Japan, der polare lavtrykk også er ei utfordring å varsle.

Klarer forskarane på Andøya å fange polarstormen, kan resultatet bidra til å hindre både miljøkatastrofar og tap av menneskeliv i framtida.

Vil forskarane lukkast?

Les mer på om prosjektet her
Les mer om filmen på NRKs nettsider


Ingressbilete: Skyformasjonar i utkanten av eit polart lavtrykk, fotografert av forskar Erik Kolstad.

 

Sist oppdatert: 20.12.2008

Mer om " Klima og miljø "

Mer om " Hav og is "

Multimedia

Trailer for filmen "Jakta på polarstormen" frå forskingsprosjektet IPY-Thorpex. Prosjektet er ein del av Polaråret. Eit filmteam frå Univisjon ved Universitetet i Bergen følgde forskarane under ein flykampanje på Andøya i 2008.