Tre veker i isen

Vibeke Sundfjord (tv) og Malin Rue er studentar. Dei har vore på tokt med forskingsskipet Lance i Framstredet. No har dei akkurat kome heim etter tre veker i Arktis, der dei hadde ei minneverdig oppleving.
Begge studentane studerer meterologi og oseanografi. Eg intervjua dei, og her er det dei hadde å seie om prosjektet:
NoneMalin (tv) og Vibeke likte godt å drive forskning inne på isen.- Fortell litt om Polaråret og kva er prosjektet som de var med på gjekk ut på.
- Hovudtemaet for Polaråret er å finne ut kva som ligg bak dei raske klimaendringane. Det er ei stor satsing, som skal forbetre polarforskninga, og gjer det til eit meir sentralt tema. Forskarar har satt i gang ein intens klimaforskning dette året, og vi var med på eit av dei mange prosjekta deira i Arktis.
- Kva var det som gjorde dykk interesserte til å vere med på dette prosjektet?
- Veiledaren vår, Cecilie Mauritzen, foreslo det for oss. Vi visste eigentleg ikkje så mykje om Polaråret frå før.
Jentene hadde med TV-kamera på turen, og skulle dokumentere det dei gjorde på film.
- Korleis klarte de å kombinere det å vere journalist med det å vere forskar?
- Vi var først og fremst forskningsassistentar, så vi gjorde ikkje så mykje ut av skrivinga og filminga. Vi hjalp til mest, når forskarane handterte instrumenta sine. Det var seks timar jobb og seks timar fri, så om det var noko vi måtte gjere, hadde vi nok fritid.
- Når de var på tokt, var det berre de to, eller var det eit heilt team?
- Der var alltid nokon rundt oss, så vi var aldri åleine. Til saman var vi tjue. Ti forskarar og ti mannskap. Og så fekk vi eigen lugar! Det var litt deilig.
- Var det berre de som var studentar?
- Ja, eller, det var ein eller to til.
- Er dette noko de kunne tenkt dykk å gjere igjen?
- Både ja og nei. Det var høgt støynivå og lite søvn, og så var det masse mat! Det føltest ut som om vi åt heile tida, og maten var ofte "typisk norsk". Vi såg også mykje film, kvar dag og kveld.
- Korleis var det å kome heimatt?
- Det var veldig deilig! Når vi var på båten, kunne vi liksom ikkje berre gå ut ein tur, så det var deilig å stå på fast jord igjen.
NoneForskarare bora ut iskjerner for å sjekke kor tjukk havisen var, og korleis den var samansett.- Korleis var det å vere i Framstredet?
- Det var mykje is og snø, og skiftande vertilhøve. Det kunne vere grå himmel og skodde, og så plutseleg kom det blå himmel. Vi såg ein del isbjørnar også. Kvar gong nokon ropte: "Isbjørn!", sprang alle som ein gal rundt, med kamera og boblejakker, for å få med seg synet. Det var veldig øde og isolert. Så det var utruleg godt å sjå land.
- Kva har de lært?
- Vi har lært mest om korleis vi skal utføre ting praktisk. Vi kunne jo selvfølgelig ein del frå før også. Det var veldig sosialt, og det var alltid folk rundt oss, så vi følte oss aldri ensomme på den måten.
- Er det noko de kjem til å ta med dykk vidare i livet som lærerikt, nyttig eller minneverdig?
- Det var mest minneverdig. Men det kjem litt an på kva jobb vi får. Det er veldig interessant å forske på klimaendringar.
- Korleis kjem de til å huske dette prosjektet?
- Som morsomt! Vi fekk sjå så mykje. Det er ikkje det samme som å ta ein turistbåt til Arktis, for då er det ikkje sikkert at du får sjå alle dyra og isbjørnane. Vi var også veldig heldige med vêret. Det var ikkje nokon store stormar eller mykje regn.
- Kva kan de sei til 15 år gamle ungdommar om dette prosjektet?
- Visst du får sjangsen til å vere med på noko slikt, så bør du gjer det! Det er så spesielt og artig. Det var veldig rart når vi stod på isen og jobba, og når du ser opp, så var båten lengre vekke. Enten så har båten dreve vekk frå oss, eller så har isen dreve vekk frå båten. Vi vart kjemperedde for at det skulle dukke opp ein isbjørn i nærleiken!
- Det einaste var at vi sov litt dårleg om natta, for isen slo mykje inn i båten og skrapa. Men alt i alt så var det spennande, og noko alle bør prøve ein gong, seier Malin og Vibeke til slutt.
(Tale Catherine Burgess Øyehaug er 14 år og har denne veka prøvd seg som journalist i Forskningsrådet)
Sist oppdatert: 24.09.2008
Mer om " Hav og is "
- Foreløpige resultater fra KV Svalbard tokt klare
- Varmt Golfstrømvann smelter fjordisen på Svalbard
- Sedimentkjerner frå det Polare Ural
- World Environment Day to be celebrated in Tromsø
- Hele verdens miljøverndag markeres i Tromsø
- KSAT provides NRT satellite imagery over the Arctic Ocean
- KSAT tilbyr tilnærmet sanntidsbilder fra Polhavet
- Polar Dynamics: Monitoring, Understanding, and Prediction
- Smelting i Polhavet slår alle rekorder
- Polaråret i Universitets Aula
- - Gjennombrudd i norsk-russisk samarbeid
- Lance pensjoneres
- Norway Plans New Polar Research Vessel
- Henter opp Golfstrømmens hemmeligheter
- Antarktis-sesongen er i gang
- På vei til uberørt land
- En route to unexplored territory
- Golfstrømmen er blitt varmere
- Polarskatt på nett
- G.O.Sars seiler sørover på langtokt
- Statsministeren til Antarktis i januar
- The Norwegian Prime Minister to Visit Antarctica in January
- Dramatisk i Antarktis
- Over 40 feltaktiviteter i første sesong
- Jul i Antarktis
- Christmas in Antarctica
- Nytt satellittkart kan revolusjonere forskningen
- New Satellite Map May Revolutionise Antarctic Research
- Full stopp for Antarktis-traversen
- The Antarctic Traverse Reaches a Full Stop
- Traversen fremme på Sydpolen
- The Traverse Reaches the South Pole
- Tara ved kai etter 500 døgn i isen
- Two Norwegian research vessels meets up in Cape Town
- Krill-tokt i havn
- Polardag: Jorda i endring
- Scientists searching for bad weather
- Ice shelf hangs by a thread
- Enormt isflak i tynn tråd
- Golfstrømmen like sterk som før
- Klasserom i Polhavet
- Tung bunnstrøm oppdaget sør for Storfjorden på Svalbard
- Isbjørnspor ombord
- Svært tynn is langs Øst-Grønland
- Wilkins fortsetter å sprekke
- Kartlegger bevegelser og ismasse på Austfonna
- Taking the pulse on permafrost temperature
- Overvåket av seler på 80 grader nord
- Fortsatt usikkert for russiske forskere
- Her lå en av verdens største innsjøer
- Confessions on the sea floor
- Field work on a surging glacier
- Mildvær på Grønland
- Nordøstpassasjen åpen for første gang
- Ikke rekord: NSIDC annonserer isminimum i Polhavet
- Søvnløse netter på Sydpolen
- Polar expeditions on display in Oslo.
- Rekord likevel: Volumet av havis trolig mindre enn noen gang
- Nytt isgående forskningsfartøy?
- Forberedelser i gang for ny Antarktisekspedisjon
- Isbreene i Norge, vokser eller minker de?
- NRK viser 'Jakta på polarstormen'
- Underisiske innsjøer granskes i Antarktis
- Zen og kunsten å bore i is
- Who let the dog out
- Internasjonal polardag: Polhavene
- Discover the Polar Oceans
- 300 Polarforskere til Bergen
- Ny isbremkollaps i Antarktis
- Massive ice shelf breaking away
- Sjekk permafrosten på nett
- High Mountain Glaciers on the Agenda
- Åtteåringer på forskningstokt
- Havisen i nord minker fortsatt
- Programme framework ready for The Oslo Science Conference