Ny utlysing av skulemidlar

Nesodden2007 (Ingressbilde)

I polaråret ynskjer vi så mykje aktivitet i skulen som mogleg. Den nasjonale komiteen for utdanning i Polaråret har løyvd nye midlar til skuleaktivitetar for skuleåret 2008/9

Midlane kan søkjast på av einskildskular eller andre som ynskjer å involvere skular i polaråret. Vi ynskjer å la det være fritt opp til de einskilde kva for aktivitet dei vil fokusere på. Det kan være alt frå å arrangere ein polardag til å involvere skulen i ulike aktivitetar gjennom heile skoleåret. Midlane skal gå til aktivitetar som gjennomførast i skuleåret 2008/9.

Krav:

  • ein søknad per skule for perioden
  • maksimum søknadsbeløp kr 20000
  • prosjektskisse på maksimum 2 sider
  • budsjett for prosjektet
  • kor mange elevar som blir involvert
  • det må sendast ein rapport m/bilde fra aktiviteten før midlane vert utbetalt

Vurderingskriterie for tildeling av lokale skulemidlar:

  • I kor stor grad heile skulen er involvert
  • At aktiviteten er fokusert på Polaråret
  • Internasjonalt samarbeid tel positivt
  • Skular frå dei tre nordlege fylka vil ha prioritet

Søknaden sendast på epost til Naturfagsenteret v/ Karl Torstein Hetland karlth@online.no

Søknadsfrist 1. juni 2008

 

Sist oppdatert: 03.03.2008