Nordvestpassasjen

Vest-Telemark vgs er plukka ut til å representere Norge på International Schools on Board. Skulen vart plukka ut på grunnlag av sitt flotte opplegg med involvering av alle klassene på skulen. Opplegget startar i oktober og avsluttast med ein polar camp på Hardangervidda midt i mars 2008.

Ein lærar og ein elev frå Vest-Telemark vgs får delta. Dei skal vitje Inuvik og delta på eit spanande forskningstokt  med isbrytaren Amundsen i canadisk Arktis. Norge er eitt av åtte land utanom Canada, som har fått tilbod om to plassar kvar på dette toktet. Kva som skal skje på sjølve toktet finn du ut ved å lese den engelske informasjonen.

Torsdag 18. oktober vil læraren og eleven som er plukka ut til å representere skulen bli presentert. Representantar frå den Canadiske ambassaden vil vere til stades.

Vi gratulerer Vest-Telemark vgs!

ARCTOS, Kriss Rokkan Iversen

Naturfagsenteret , Lise Faafeng

Sist oppdatert: 12.10.2007