Lærarkurset på Svalbard. Eit minne for livet!

Her er alle deltakerne samlet foran EISCAT, innerst i Adventdalen.
”Takk for supre dager på Svalbard”. ”Lærerkurset på Svalbard var svært inspirerende”. ”Det var et fantastisk kursus - jeg føler mig fyldt med energi og oplevelser - dejlige kolleger vi var sammen med”
Dette er nokre av tilbakemeldingane frå lærarkurset på Svalbard, der 22 norske og 5 danske lærarar var saman døgnet rundt i heil veke. I løpet av veka var det ikkje mange timane ein fekk for seg sjølv, men likevel vart det ikkje stressande. Vi var så heldige å ha ein ekte Svalbardguide, Per Stordrange, med oss heile tida. Til dagleg er han karriererettleiar ved Vest-Telemark vgs, men mange år bak seg på Svalbard. Det var nesten ikkje eit spørsmål han ikkje kunne svare på, sjølv frå så mange spørjande lærarar.
Kurset starta i Oslo med polarhistoria presentert gjennom besøk på Fram-museet og Ski-museet. På grunn av at vi hadde vår danske lærarar med, kunne vi overnatte på Lysebu til ein svært rimelig pris. Norsk skular kan søkje det dansk-norske fondet om å nytte Schæffergaarden utanfor København på dei same vilkåra.
I Longyearbyen budde vi på ein gamal brakkerigg, Mary Anns polarrigg. Kjempebra for ei stor gruppe som oss.
Dei to første dagane var vi på UNIS. Måndag var via miljøgifter og skuleprosjektet Global POP.
Foto: Torfinn Kjærnet
Tysdag fekk vi fleire foredrag om aktiviteten ved UNIS i Polaråret og også ei omvising på huset. Om ettermiddagen besøkte vi EISCAT og såg på bygginga av det nye nordljossenteret.
Onsdag hadde vi ekskursjon til Barentsburg og Esmarkbreen. Vi var ikkje så nære som den russiske båten var ein anna isbre den same dagen, men det var nokre som padla i kajakk nokså nære breen.
Torsdag fekk vi ein fantastisk tur med fly til Sveagruvene. Vi sender ein stor takk til Store Norske Spitsbergen for deira tilbod til oss. Den dagen vi var på vitjing var det stans i drifta, slik at vi kunne gå heilt inn i gruva og sjå på utgravinga. For den eine gruppa vart til og med maskinene starta opp.
Fredagen var nok likevel den mange hadde sett fram til og nesten frykta litt. Vi hadde blitt informert av Jørn Hurum om at vi måtte gå i 4 timar inn til øglefunnet og at folk over 50 burde ha legeattest. Så ille vart det ikkje og vi hadde ein fantastisk dag ute i Svalbardnaturen med øgleutgraving, botanisering, fuglekikking og båttur.
Alle bilda og alle foredraga på kurset finn du på heimeside som vår danske gjest, Torben Pallesen Jensen, ha laga.
Takk til alle som på ein eller annan måte var involvert i gjennomføringa av dette kurset. Det er nok mange av deltakarane som kjem tilbake til Svalbard.
Til alle andre: DET VERT EIT NYTT LÆRARKURS NESTE ÅR.
Sist oppdatert: 04.02.2009