Bli med på årets prosjektkonkurranse! (innlevering 14. mars 2008)

Interessert i klimaspørsmål? Interessert i korleis det er å bu i polare strøk? Lurer du korleis det går med Golfstraumen dersom isen rundt Svalbard smeltar? Vil isbreane smelte? Overlever isbjørnane ei klimaendring? Er du interessert i slike spørsmål så inviterer vi deg til å delta i årets flottaste prosjektkonkurranse.
Kvifor er det så flott?
Fordi du åleine, eller saman med andre, kan involvere deg i det viktigaste tema i våre dagar, nemleg klimautfordringane.
Ikkje minst: Premien er å få presentere prosjektet på ein internasjonal elevkonferanse (GLOBAL Learning Expedition) i Sør-Afrika 20. juni til 2. juli 2008. Ein liten rundtur i Sør-Afrika vert det også plass til. Reise og opphald er heilt gratis.
Kven kan delta?
Elevar frå 7.-10. trinn i grunnskulen og VG1 og VG2 i vidaregåande skule. Du kan melde deg på som gruppe eller som ei heil klasse. Gruppestorleik som kan delta på konferansen er 2-3 elevar og 1 lærar. Dersom det er ei klasse som vinn, må klassa plukke ut dei som skal få reise. Totalt er det plass til 3-5 lærarar og 10 elevar.
Foto: Karl Torstein Hetland
Kva kan prosjektet handle om?
Ein kan velje tema innan alle hovudområda i Polaråret. Deltakarane må sjølve formulere ei problemstilling og prosjektet må følgje naturvitskapleg arbeidsmåte, slik som i Forskerspiren eller Nysgjerrigpermetoden. Sjå også GLE Investigation Report Format
Ved vurdering av prosjekta vert det lagt vekt på:
- formulering av problemstilling
- bruk av vitskapleg metode
- bruk av data frå forskingsprosjekt i Polaråret eller bruk av data frå GLOBE database eller sjølvstendige målingar for å bekrefte/avkrefte hypotesen
Prosjekta kan skrivast på norsk. Vinnarane kan få hjelp med oversetting til engelsk.
Premiar
1. pris:
Deltaking på Global Learning Expedition
Vinnarane får reise til Cape Town for å presentere prosjektet sitt på konferansen "GLOBAL Learning Expedition". Konferansen er organisert som ein vitskapleg konferanse der alle gruppene får inntil 15 min til å presentere sitt prosjekt. Totalt får 14 deltakarar (inkludert lærarar) reise.
2. pris:
Boka "Into The Ice"
Norsk polarhistorie på engelsk til kvar deltakar i gruppa. Maksimum 3 bøker per gruppe.
Påmeldingsfristar
Klassene/gruppene/ melder si interesse for å delta innan 15. januar 2008. Frist for innsending av prosjektoppgåver er 14. mars 2008.
Ferdige prosjekt sendast til Karl Torstein Hetland karlth@online.no
Meir informasjon om Global Learning Expedition
Spørsmål om konkurransen sendast til karlth@online.no
Sist oppdatert: 26.05.2008