Ny utlysing av skulemidlar i Polaråret - Søknadsfrist 1. oktober 2007

I polaråret ynskjer vi så mykje aktivitet i skulen som mogleg. Den nasjonale komiteen for utdanning i Polaråret har løyvd kr 300 000 til skuleaktivitetar for dette skuleåret.

Midlane kan søkjast på av einskildskuler eller andre som ynskjer å involvere skuler i polaråret. Vi ynskjer å la det være fritt opp til de einskilde kva for aktivitet dei vil fokusere på. Det kan være alt frå å arrangere ein polardag til å involvere skulen i ulike aktivitetar gjennom heile skoleåret. Midlane skal gå til aktivitetar som gjennomførast i skuleåret 2007/8.

Vurderingskriterie for tildeling av lokale skulemidlar:

  • I kor stor grad heile skulen er involvert
  • At aktiviteten er fokusert på Polaråret
  • Internasjonalt samarbeid tel positivt
  • Skular frå dei tre nordlege fylka vil ha prioritet

Søknaden sendast på epost til Naturfagsenteret v/ Karl Torstein Hetland karlth@online.no

Søknadsfrist 1. oktober 2007

Les her omtale av dei prosjekta som fekk midlar 1. april 2007.

www.polararet.no/artikler/2007/Skoleprosjekter

Sist oppdatert: 21.01.2008