Internasjonalt tokt i Nordvestpassasjen for vidaregåande skular
Lyst til å satse spesielt på Polaråret i skuleåret 2007/8? Kva med å delta med ein lærar og ein elev (16-18 år) på eit internasjonalt tokt i Nordvestpassasjen?
Last ned
-
Brochure: Explore Science in the Arctic! (PDF-fil) -
Exploring Science in the Arctic! (PDF-fil) -
Brochure: Explore Science in the Arctic (Inuktitut) (PDF-fil) -
Schools On Board (Presentation) (PDF-fil)
International Schools on Board inviterer nemlig til eit spanande tokt med isbrytaren Amundsen i canadisk Arktis. Norge er eitt av åtte land utanom Canada, som har fått tilbod om to plassar på dette toktet. Kva som skal skje på sjølve toktet finn du ut ved å lese den engelske informasjonen.
Kva må du gjere for å kunne delta?
Skolen må sende ein søknad om å få representere Norge på dette toktet. Den skolen som vert plukka ut kan sjølv velje den læraren og eleven som skal delta. Her er kriteria som vert brukt internasjonalt for utveljinga av elev og lærar.
Søknaden
Søknaden må vise korleis skulen ynskjer å arbeide med temaa som er i fokus i Polaråret. Noreg har vald å dele Polaråret inn i 4 hovudtema: Hav og is, Dyr og mennesker, Lys og luft og Klima og miljø. I tillegg kan ein også ta for seg politikk i nordområda, ressursutnytting og polarhistorie.
Naturfagsenteret vil saman med forskarnettverket ARCTOS plukke ut ein skole til å representere Norge på dette toktet. Heile toktet vert dekt av International Schools on Board inklusiv fly tur/retur Edmonton. Det norske Polaråret dekker utgiftene til transport til/frå Oslo.
Krav til den skulen og deltakarane som vert plukka ut
- Lærar og elev må skrive blogg under turen slik at andre skular kan følgje med på nettet.
- Deltakarane må også skrive ein rapport som kan publiserast i aviser, tidsskrift og på nettet.
- Det kan også vere aktuelt at skulen arrangerer ein informasjonskveld for nærmiljøet
- Generell marknadsføring av Polaråret
Tidspunkt
Internasjonalt tokt nr 1: 25. februar- 9. mars (inklusiv fly tur/retur Canada)
Internasjonalt tokt nr 2: 7. april - 20. april (inklusiv fly tur/retur Canada)
Program (førebels)
Day | Plan |
Day 1 | In transit to, and rendez-vous in Edmonton, AB, or Inuvik , NWT (CANADA) |
Day 2 | Rendez - vous in Inuvik |
Day 3 | Inuvik - community visit and cultural activities! |
Day 4 | Inuvik - board the CCGS Amundsen - Orientation day - Arctic Geography |
Day 5 | On-Board Program - Physical Oceanography & Marine Geology |
Day 6 | On-Board Program - Biological production & Sampling |
Day 7 | On-Board Program - Snow & Sea Ice |
Day 8 | On-Board Program - Meteorology & Climatology |
Day 9 | On-Board Program - Climate change - "Two ways of knowing!" |
Day 10 | CCGS Amundsen to Inuvik - community and school visit |
Day 11 | Inuvik to Edmonton |
Day 12 | Transit home |
Send søknaden som epost til post@naturfagsenteret.no
Søknadsfrist: 20. juni 2007
Kontaktperson: Karl Torstein Hetland (karlth@online.no)
Sist oppdatert: 31.05.2007