Ny påmeldingsfrist i Global POP: 30. september

Global POP er ei internasjonal undersøking av miljøgifter i fisk. Vi set ny frist for påmelding slik at fleire skular kan bli med.
Nå finn du detaljert informasjon om kva du skal gjere i prosjektet her: http://sustain.no/projects/globalpop/Global%20POP-protokoll-NORSK-010807-GG-ESH-020807.pdf
I prosjektet vil vi fokusere på det faktum at ein del av miljøgiftene vi produserer i industrialiserte område blir transport med vind og havstraumar til polare område. Mange av miljøgiftene, som gruppa dioksiner, er definert som POP’s (persistente organiske miljøgifter). Dei er feittløyselege og oppkonsentrerast i næringskjeda. Derfor kan dei vere eit problem for levande organismar i polare område.
I prosjektet vil elevane spela ei sentral rolle og vere med på eit reelt forskingsprosjekt der resultata ikkje er kjende på førehand. Ingen har gjennomført ein liknande undersøking tidlegare. Elevane skal fange ein lokal matfisk og sende prøver av fisken til NILU. Der vil ein måle kor mykje dioksin det er i fisken. Resultata vert sendt tilbake til elevane for vidare handsaming. Vi håpar du finn dette prosjektet interessant og at du har lyst til å delta.
Informasjon om prosjektet og påmeldingsskjema finn du på: Global POP
Sidan dette er eit internasjonalt prosjekt vil det meste av informasjonen og nettsidene vere på engelsk. Vi trur at prosjektet kan tilpassast for alle i 5. til 13. årssteg. På nettsida står det 13-18 år, men det gjeld den internasjonale deltakinga.
Karl Torstein Hetland, GLOBE og Naturfagsenteret
Eldbjørg Heimstad, Espen Mariussen, Bodil Innset, NILU
Astrid Sandås, Utdanningsdirektoratet
Last updated: 17.09.2007